Thursday 11 December 2014

Midnatt

Klokka er over midnatt. Eg skriv eksamen og høyrer på ei spotify-liste med 7 songar. Har sikkert høyrd gjennom lista 15 gongar. Skriv vel berre for å gjera noko anna enn eksamen i 5 minutt og fordi eg byrjar å bli trøytt. Eg er i Nord-Noreg for fyrste gong. Her er det mørkt, så eigentleg kan det hende klokka er 4 på ettermiddagen. Eg har skrive eit dikt på kjøleskapet til syster mi med magnetar. Det vil eg dele med verda no.

kjære midnatt
kan du
vera evig
og
omfamne meg


Eg veit det. Eg er bra.
Nei.
Nå må eg skrive ferdig eksamen før eg sovnar. Takk for meg.

Thursday 20 November 2014

Min studiekvardag

"Har du kome langt på arbeidskravet?"
"Nei."
"Kor langt har du kome da?"
"Har akkurat byrja å skrive."
"Men det er jo torsdag! Du veit at det skal leverast i morgon?"
"Ja, eg veit det."

eller

"Kvifor jobbar du ikkje med arbeidskravet?"
"Eg vil ikkje!"


HASJTÆGG LIVET

Thursday 13 November 2014

Eg skal finne ut om eg skal bli her og ta ein bachelorgrad eller om eg skal gjeva opp og flytte til Bhutan for å bli lykkeleg. Det er eit vanskeleg val. Neida, men seriøst, eg må faktisk bestemme meg for om eg skal halde fram med det eg har byrja med her nå. Eg vil jo det eigentleg. Problemet er at eg ikkje gidd å studere. Det er så himla kjedeleg. Korleis skal eg kunne ta ein bachelorgrad, når eg sit her og syt i staden for å skrive ei oppgåve på 1200 ord..?

Wednesday 12 November 2014

Eg har trur eg har funne ut kva personar som irriterar meg aller mest. Dei er oftast i vidaregåandeskulealder og dei er lette å kjenne igjen. Dei kan vera høglytte, og dei bruker ofte veldig sterke ord. Det er ikkje russen eg meiner, sjølv om ein skulle tru det. Det er ungdomspolitikarane, og spesielt dei på venstre sida. Dei kan vera så himla innpåslitne at eg blir gal. Eg har opplevd så mange gongar at nokon vil verva meg, spesielt til RU og SU. Okei, greit nok, eg ser den. Mange trur jo også at eg er ru-ar eller su-ar, men neitakk altså!

Begeret mitt vart fyllt da eg var på globaliseringskonferansen, og det var nesten så eg kunne slått til nokon. Når du prøver å vera sosial med folk på din eigen alder spør dei ikkje eingong kva du heiter. Det fyrste folk seier er: "kva organisasjon er du her med?"
Eg svarar heilt enkelt: "ingen. Eg er her med meg sjølv."
"Fett, da kan eg verve deg til SU!"
"Nei, det kan du nok ikkje. Sorry!"
"Jo, kom igjen. SU er skikkeleg kult og blablabla.."
Og slik fortset det. Kva er det med desse folka som gjer alt for å få ein stakkar til å bli med i deira organisasjon? Det verkar som om dei lev for dette partiet sitt. Dei verkar så uvitande om alt det spanande som finst utanfor veggane på landsmøtet i sosialistisk ungdom. Ikkje misforstå meg nå, eg tykkjer poltikk er viktig og det er bra å engasjere seg. Men la nå meg seie nei utan at de skal byrje å leggje ut om kor bra dykkar parti er. Eg treng ikkje å forklare meg for deg når eg seier neitakk til å vera med. Grunnen eg gav ein gjeng med su-arar var at eg tykkjer ein blir mindre sjølvstendig når ein berre baserer seg på kva eit parti meiner. Eg tykkjer ein sjølv burde gjera seg opp meiningar utan å vera partipolitisk. Responsen eg fekk var: "kallar du oss usjølvstendige?"
"Ja." sa eg, også heldt dei kjeft.

Monday 20 October 2014

Eg føler meg berre håplaus. Det er ein slik dag i dag. Eg kjem sikkert til å gå på shopping etter skulen, og eg kjem til å føle meg mykje betre etterpå. Det er litt trist.
Eg veit ikkje kva eg vil gjera med livet mitt. Eg vil gjerne bu på Lillehammer, for det er ikkje så verst her. Eg har ikkje noko imot studiet mitt heller. Eg har ca. to vener her, og det er meir enn nok for å overleve. Så basically har eg det bra her. Men det er så mange andre ting eg har lyst til å gjera. Eg vil heller reise, jobbe, ta språkkurs eller gjera noko kult. Kanskje byrje på ei anna utdanning til og med. På eit tidspunkt må eg ta eit val, og eg byrjer å bli skikkeleg nervøs for akkurat det. Eg veit ikkje eg altså. Livet stressar meg..

Tuesday 7 October 2014

Eg skjønar ikkje folk som er glade heile tida. Det er vel ingen som eigentleg er det? Folk som alltid skal vera superpositive til alt og prøver å rekruttere andre inn i sin lykkerus er noko av det mest slitsame eg veit om. Det er eit par her som er slik, men eg har skjønt at eg berre må ta avstand frå dei. Kombinasjonen falsk positivitet og min pessimisme er ikkje bra for nokon. Dei to sidene ser ut til å forsterke kvarandre. Da er det betre at eg berre irriterer meg og tenkjer eg er glad eg har meir realistisk tankegang enn andre.
Best for meg, tenkjer eg.

Så utruleg teit eg eigentleg er som berre dyrker min eiga tankegang. Ikkje at eg trur eg er best, men eg konkluderer ofte med "jaja, synd for dei andre". Eg blir nok aldri ein betre person.

Thursday 2 October 2014

Dagens ungdom ass

I dag er det "trafikkljosfest" på Studenten, og det er noko av det teitaste som er funne på. Dei fleste kjenner sikkert til det. Ein fest der konseptet er å vise gjennom fargane du har på deg om du er singel, oppteke eller ikkje heilt har bestemt deg. What? Det er så mange tema som kan vera kjempemorosame, også skal det alltid vera noko så teit. Eg blir usikker på om eg reagerer fordi eg berre er sjalu og bitter. Kanskje eg kunne hatt det kjempemorosamt om eg ikkje tenkte så mykje som eg gjer. Eg likar jo å vera full eg også, men det er så mange ting eg ikkje skjønar med min eigen generasjon. Men nei, det er ikkje noko å lure på, eg er ikkje sjalu. Det er faktisk berre teit. Det einaste som kanskje er verre, er festar med temaet "hore & hallik". Altså seriøst. Eg føler eg er hundre år gamal.

Wednesday 1 October 2014

Folk

Av og til blir eg litt sur på meg sjølv fordi eg ikkje tek kontakt med folk. Eg kunne jo gått bort til dei og satt meg ned der. I staden vel eg å setje meg åleine med kaffen og macen min. Eg er verkeleg ikkje eit sosialt vesen. Skulle eigentleg ynskje eg var det. Men dei gongane eg har vore den som har gått bort og teke kontakt, har alltid vorte kleine situasjonar. Dette gjeld jo berre dei folka som ein liksom "må" vera venn med, slik som klassekameratar. Når eg tek kontakt med folk som eg genuint er interessert i å prate med, er det ikkje så kleint. Men det er jo som regel gamle folk på bussen eller folk som går tur med hunden sin. Poenget er at eg har eit problem med folk. Om det er ein gjeng på meir enn fire personar, blir eg berre stille. Eg seier aldri noko i slike mengder.

Eg trur det er i alle fall tre grunnar til det.
1. Eg blir heilt satt ut av korleis folk skal bevise seg sjølv overfor andre, spesielt i mengder.
2. Eg føler at eg ikkje har noko å bidra med, ikkje berre fordi eg har dårleg sjølvtillit, men fordi ein er liksom nøydd til å seie noko interessant eller morosamt og eg tykkjer det blir så påtatt.
3. Det er generelt få folk eg faktisk likar. Når ein da skal vera saman i ei mengde, er sjansen stor for at eg ikkje likar fleirtalet.

Dette handlar ikkje om at eg er ein overlegen dust som trur eg er så mykje betre enn alle andre. Det er ofte det folk trur om meg. Det handlar meir om at eg vil bli kjend med folk eg passar saman med, utan at ein skal prøve å imponere kvarandre. Eg blir også veldig sjenert i mengder fordi eg føler meg utsatt. Om eg seier noko der, er det mange fleire som dømmer meg. Det er sjølvtillita mi som ikkje er steinhard. Ikkje døm meg for det.

På skulen verkar det som alle skal bli bestevenner og vi skal ha eit supert klassemiljø og alt skal bli perfekt. Tanken er god, men det funkar ikkje slik. For å bli kjend med nokon treng ein tid. Det er dette mange ikkje skjønar. Ein blir ikkje bestevenn med nokon med ein gong. Sidan eg ofte held meg for meg sjølv eller ikkje er med på alt det sosiale, trur jo folk at eg ikkje likar dei. Det stemmer jo somme gonger, men ein treng ikkje å bli fornærma av den grunn. Folk må slutte å ta alt så personleg, jeez. Du er ein kul person, eg likar deg, men vi treng ikkje å bli bestevenner. That's it.

Tuesday 30 September 2014

Ny byrjing

For litt sidan laga eg ei speleliste som eg kalla "ny byrjing". Syster mi og eg har lenge gjort narr av folk som byrjer å studere og kaller det ei ny byrjing eller eit nytt kapittel i livet. Eg er klar over at eg sjølv har brukt uttrykket "ny byrjing", men nå ser eg det berre som ironisk fordi det er så kleint. Det er faktisk ikkje noko nytt å byrje på høgskule. Og kvifor seier eg det? Jo, fordi det er akkurat det eg har gjort nå. Hurra, Marit vart også student. Ein trur at det skal bli noko nytt og at ein blir vaksen og alt det der, men nei, alt er det same. Dei same irriterande folka, dei same teite problema, dei same trongsynte sosiale reglane, og ingen er vaksne enda.

Kvifor eg plutseleg fann ut at eg skulle skrive på den gamle tenåringsbloggen min, det kan ein lure på. Denne bloggen er jo skrive av ein emosjonell og litt borderline ungdom som overdriv alt som er vondt, og berre såvidt ser det som er godt. Akkurat i det eg skreiv den førre setningen flira eg, for det er jo sant. Eg er framleis den emosjonelle ungdommen, men med ein litt meir rasjonell tankegang. Eg er mykje tryggare, men enda har eg ikkje heilt funne ut kven eg eigentleg er. Ikkje at eg skal setja ut på ei reise for å finne meg sjølv, for det tykkjer eg berre er fjollete. Eg vil lære meir om meg sjølv og det kan vera ein lang prosess, men å finne meg sjølv treng eg ikkje. Eg er jo her.

Så attende til kvifor eg nå skriv på denne bloggen. Etter lange perioder utan, merkar eg at eg treng å få utløp for kjensler og tankar. Ikkje fordi eg treng at folk les det, men fordi eg treng å seie det. Som eg har skrive før, tykkjer eg det er utruleg godt å vite at så og seie ingen les denne bloggen. Om nokon ein dag finn denne bloggen og les han, så håpar eg at folk kan kjenne seg att i noko av det tullet her. Det er så mange ting som gjer at eg berre har lyst til å skrike høgt, men det er liksom ikkje sosialt akseptert. Når eg kan skrive, blir alt litt enklare. Eg trur også at dei næraste fort blir litt lei av at eg klagar og irriterar meg over så mange ting. Når eg da skriv, slepp dei kanskje noko av dette. Trur det er sunt for alle å skrive.

Wednesday 29 January 2014

For now I can only guess what's coming next

Oi. Denne bloggen har vore sovande sidan oktober 2012. Det er veldig lenge. Om eg skulle oppdatert slik som eg alltid har gjort, ville det vorte veldig vanskeleg nå. Eg har berre brukt denne bloggen for å få utløp for dei vonde tinga. Dette har vore mitt eige lille sanctuary, og så godt det har vore. Det er vel framleis ingen som les denne bloggen, noko som eigentleg alltid har vore veldig betryggande. Likevel skriv eg att. Dette er i alle fall eit forsøk.

Sist gong eg skreiv noko var det om at eg hadde flytta. Ny plass. Nye folk. Alt det der. Da kan eg vel fortsetje der. Eg har enda ein gong flytta. Nå går eg på folkehøgskule. Å byrje her har til nå vore det vanskelegaste eg har gjort i livet. Men eg er så himla glad for at eg gjorde det. Det har tatt meg ei stund å bli trygg her, og det er kanskje ein klisje å seie det, men folkehøgskule er så bra for meg. Eg passa jo aldri inn på vidaregåande, og sjølv om eg aldri skreiv meir etter eg flytta sist var det ikkje berre lett. Det gjekk sjølvsagt betre, og derfor vart det ikkje noko meir syting på denne bloggen her det året. Eg følte vel at eg voks frå det. Det er jo ganske så sant, for ho som sitt her nå er mykje eldre enn ho som kreiv det førre innlegget. Det har skjedd så mykje. Heldigvis har eg greidd å kome gjennom alt.

Eg veit ikkje kva eg kjem til å skrive om, eller om eg kjem til å skrive noko meir enn dette innlegget, men da har eg i alle fall gjort eit forsøk.


Eg har vore i India foresten. Her er Mads som ser på Mount Everest. Det var fint!