Tuesday 30 September 2014

Ny byrjing

For litt sidan laga eg ei speleliste som eg kalla "ny byrjing". Syster mi og eg har lenge gjort narr av folk som byrjer å studere og kaller det ei ny byrjing eller eit nytt kapittel i livet. Eg er klar over at eg sjølv har brukt uttrykket "ny byrjing", men nå ser eg det berre som ironisk fordi det er så kleint. Det er faktisk ikkje noko nytt å byrje på høgskule. Og kvifor seier eg det? Jo, fordi det er akkurat det eg har gjort nå. Hurra, Marit vart også student. Ein trur at det skal bli noko nytt og at ein blir vaksen og alt det der, men nei, alt er det same. Dei same irriterande folka, dei same teite problema, dei same trongsynte sosiale reglane, og ingen er vaksne enda.

Kvifor eg plutseleg fann ut at eg skulle skrive på den gamle tenåringsbloggen min, det kan ein lure på. Denne bloggen er jo skrive av ein emosjonell og litt borderline ungdom som overdriv alt som er vondt, og berre såvidt ser det som er godt. Akkurat i det eg skreiv den førre setningen flira eg, for det er jo sant. Eg er framleis den emosjonelle ungdommen, men med ein litt meir rasjonell tankegang. Eg er mykje tryggare, men enda har eg ikkje heilt funne ut kven eg eigentleg er. Ikkje at eg skal setja ut på ei reise for å finne meg sjølv, for det tykkjer eg berre er fjollete. Eg vil lære meir om meg sjølv og det kan vera ein lang prosess, men å finne meg sjølv treng eg ikkje. Eg er jo her.

Så attende til kvifor eg nå skriv på denne bloggen. Etter lange perioder utan, merkar eg at eg treng å få utløp for kjensler og tankar. Ikkje fordi eg treng at folk les det, men fordi eg treng å seie det. Som eg har skrive før, tykkjer eg det er utruleg godt å vite at så og seie ingen les denne bloggen. Om nokon ein dag finn denne bloggen og les han, så håpar eg at folk kan kjenne seg att i noko av det tullet her. Det er så mange ting som gjer at eg berre har lyst til å skrike høgt, men det er liksom ikkje sosialt akseptert. Når eg kan skrive, blir alt litt enklare. Eg trur også at dei næraste fort blir litt lei av at eg klagar og irriterar meg over så mange ting. Når eg da skriv, slepp dei kanskje noko av dette. Trur det er sunt for alle å skrive.